Pil venstrePil høyreDekor, prikker

Du er her:

Tar opp gjødselkampen

Kloakk og matavfall blir organisk gjødsel i IVARs unike fabrikk. 

Dagsavisen Nationen skriver om IVAR-gjødslet Minorga på forsiden av avisen:

Les hele artikkelen her:

Minorga vil konkurrere med Yara om å selje gjødsel til bønder, men spreiereglar hemmar miljøgjødsla.

– Det som før var avfall har blitt ein viktig ressurs. Blant fordelane for bøndene er at den organiske gjødsla gir frå seg næringsstoffa meir gradvis. Du får ein langtidseffekt. Testane viser avlingsnivå vi knapt kunne drøyme om i min oppvekst på eit kornbruk i Solør, seier Kjell Øyvind Pedersen og held fram ei handfull med brun pelletert organisk gjødsel.

Pedersen er administrerande direktør i IVAR, som er det interkommunale renovasjonsselskapet på Nord-Jæren. Dei har investert 55 millionar kroner i Europas første fabrikk som omdannar menneskeleg kloakk og matavfall til fullverdig gjødsel. Gjødsla går under merkenamnet Minorga. Produksjonskapasiteten er på 10.000 tonn på eitt skift.

 

Hemma av strenge reglar

Med det deleigde selskapet Minorga Vekst håper IVAR å ta ein flik av den norske gjødselmarknaden i konkurranse med kunstgjødsel frå Yara. Under opninga kalla miljøvernminister Tine Sundtoft (H) fabrikken for eit godt eksempel på det grøne skiftet i praksis, men miljøgjødsla møter motbør frå dagens spreiereglar.

– Dagens reglar er laga med tanke på å spreie slam på jordene og tek ikkje høgde for foredla og varmebehandla tørrgjødsel. Reglane er nær uleveleg byråkratiske. For oss er det ei ulempe som gjer det tøffare å få fart på salet, seier Pedersen.

Medan det er fritt fram for bønder som vil bruke kunstgjødsel, er det klare avgrensingar for bruk av Minorga-gjødsla og andre former for behandla avløpsslam. Gjødsla kan brukast til korndyrking, men bøndene har meldeplikt til kommunen og gjødsla må nedmoldast innan 18 timar. Gjødsla kan ikkje brukast til dyrking av grønsaker, poteter, frukt og bær, og slike grøntvarer kan berre dyrkast etter ei karanteneplikt på minst tre år etter siste spreiing. Den organiske gjødsla kan heller ikkje spreiast på eng og beite, med mindre jorda blir pløgd etterpå.

– Reglane bør endrast. Det er for tungvint i dag. I mellomtida jobbar vi for å få dispensasjon frå meldeplikta, karantenetida og kravet om nedmolding, seier fagansvarleg Oddvar Tornes i IVAR.

 

Vurderer å mjuke opp krava

Mattilsynet seier reglane knytt til bruk av kloakk- og avløpsslam som gjødsel er strenge for å unngå spreiing av smittestoff og miljøgifter. Dei ser likevel behov for å vurdere regelendringar.

– Vi har hatt fleire møter med bedrifta og fått dokumentasjon. Vi vurderer å endre forskrifta, men vi har ikkje tatt stilling endå, seier seniorrådgjevar Torhild Tveito Compaore i Mattilsynet.

– Produsenten seier gjødsla er trygg og oppfyller alle krav?

«Reglane bør endrast. Det er for tungvint i dag.»- ODDVAR TORNES, FAGANSVARLEG FOR SLAM OG BIOGASS I IVAR

– Vi ser at det kan vere grunn til å endre reglane. Det er ein prosess på gang, men det er ei komplisert sak. Det ligg òg eit EU-direktiv bak som gjer det vanskeleg å ta bort fleire av krava, seier ho.

Ifølgje Mattilsynet har Minorga dispensasjon ut året på at det kan dyrkast grønsaker året etter bruk av gjødsla og at harving er nok til å dekke nedmoldingskravet. Mattilsynet seier dei ikkje kan dispensere frå kravet om nedmolding og meldeplikt sidan det er lagt til den enkelte kommune. EU-reglar om at slam skal kunne sporast til jordet der det er brukt og at det minst skal gå ti månader etter bruk før hausting av grønsaker set òg grenser for kor mykje reglane kan endrast, fortel ho.

Trass strenge reglar håper leiinga at fabrikken innan kort tid kjem opp i full produksjon. Pedersen viser til at det er lang tradisjon for å bruke slam på åkrane.

– Før kom slammet med hest og kjerre frå byane, seier Pedersen.

Den moderne varianten er varma opp til 100 grader og skal oppfylle alle hygienereglar. I fabrikken er gjødsla tilsett nitrogen, fosfor og kalium for å gi ei fullverdig NPK-gjødsel. Hovudvarianten tilpassa norsk kornproduksjon har 10 prosent nitrogen, 1,5 prosent fosfor og 5 prosent kalium, såkalla 10-1-5, og har same form og storleik som kunstgjødsel.

– Vi meiner vi har eit betre produkt enn Yara, og vi har lagt oss under Yara når det gjeld pris. Sidan innhaldet er 70 prosent organisk er gjødsla ideell for sandjord, skrinn jord og for jordstrukturen, seier Pedersen og Tornes.


Yara-konkurrent: Administrerande direktør Kjell Øyvind Pedersen (t.v.) og driftsleiar David Glitza trur gjødsla står seg i konkurransen med kunstgjødsel frå Yara.

 

Sel òg gjødsel for eksport

Interessa for Minorga-gjødsla skal vere stor. Så langt i år har dei selt nær 400 tonn, derav 60 tonn til kaffidyrking i Vietnam.

– Sjansen for eksport overraska oss. Første båt er på veg. I Vietnam er det ikkje reglar som hemmar bruk av gjødsla. Det er litt nybrottsarbeid, men vi håper salet raskt vil auke både i Norge og til utlandet, seier Pedersen.

Følg Nationen på Facebook og bli oppdatert på nyheter og debatt om distrik

 

FAKTA OM MINORGA

* Organisk gjødsel basert på menneskeleg kloakk, avløpsslam og matavfall.

* Slammet går først til biogassproduksjon. Bioresten blir varmebehandla, tørka og pelletert. Det er tilsett nitrogen og kalium for å få ei fullverdig gjødsel som kan erstatte vanleg mineralgjødsel / kunstgjødsel.

* Det interkommunale selskapet IVAR, eigd av 13 kommunar i Rogaland, har investert 55 mill. kr. i fabrikken i Mekkjarvik i Randaberg på Nord-Jæren.

* Gjødsla, som har merkenamnet Minorga, skal seljast gjennom selskapet Minorga Vekst AS. IVAR har 50% eigardel. Resten av aksjane er stort sett eigd av fleire personar i Sogn og Fjordane og Agder-fylka og offentlege aktørar i Aust-Agder.

* Gjødselvareforskrifta tillet å bruke behandla avløpsslam til korndyrking mot krav om nedmolding at bruken skal meldast til kommunen. Gjødsla kan ikkje brukast til dyrking av grønsaker, poteter, frukt og bær, og jord som er gjødsla med slam kan ikkje brukast til desse vekstane før minst 3 års etter spreiing. Eng og beite skal heller ikkje gjødslast med avløpsslam, men ifølgje Mattilsynet er det opning for det om jorda blir pløgd etterpå.